Nynorsk

Alle har rett til eit liv utan frykt og vald. Altfor mange menneske lever med vald i forholdet sitt i Noreg. Vald i nære relasjonar er ikkje noko privatsak, men eit samfunnsansvar. Vert du utsett for vald, trugsmål eller tvang? Kjenner du deg utrygg? Er du i tvil om du behandlar partnaren din bra? Her får du viktig informasjon og svar på spørsmål du kanskje lurer på.

KVA ER VALD I NÆRE RELASJONAR?

Vald i nære relasjonar (òg kalla partnarvald eller familievald) omfattar alt av fysisk og psykisk vald og trugsmål mellom familiemedlemmar, anten ein framleis er eller har vore i familie, og den omfattar også barn som er vitne til valden. Omgrepet gjeld òg straffbar kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Vald i nære relasjonar er straffbart etter norsk lov. Du skal vere trygg på at dette er saker politiet tek på alvor.

Ulike former for vald:

  • Fysisk
    (slag, spark, dytting, innesperring, isolering, angrep med ulike gjenstandar, kvelartak osv.)
  • Seksuell
    (seksuelle overgrep eller trugsmål om seksuelle overgrep)
  • Materiell
    (knusing, øydelegging og kasting av gjenstandar, slag i veggar og dører osv.)
  • Psykisk
    (bruk av ord og stemme på ein måte som kontrollerer, skader eller krenkjer osv.)
  • Økonomisk
    (den eine partnaren nektar den andre å ha kontroll over eigen eller felles økonomi)
  • Sosial
    (sosial isolasjon, ekskludering, innskrenka rørslefridom)
  • Latent
    (vald som «ligg i lufta», ein spesiell stemning før eller etter ein valdsepisode)
  • Vald for å oppdra
    (fysisk og psykisk straff som ein del av oppsedinga for å endre åtferda til barn og unge)

Mange av desse er direkte straffbare etter norsk lov, medan andre er krenkingar som også kan vere straffbare alt etter alvorsgrad, hyppigheit eller kontekst.

ER DU UTSETT FOR VALD?

Du må kontakte politiet om du vert skadd, truga, er redd for å verte utsett for vald eller frykter for livet ditt.

Politiet: 02800 eller nødnummer 112

Dei fleste tenkjer på vald som det å verte slegen, sparka eller fysisk skadd. Å verte halde fast mot si vilje, få ein ørefik, verte skjelt ut, audmjuka, isolert eller kontrollert er også eksempel på vald.

Vald i nære relasjonar rammar både kvinner og menn. Begge kjønn kan vere utøvarar av slike handlingar. Kvinner vert likevel oftare utsett for gjentakande alvorleg vald og seksuelle overgrep frå partnaren sin, enn menn.

Politiet skal beskytte personar og førebygge lovbrot. Du kan få råd og bistand ved å ringe politiet og snakke med dei som arbeider med dette fagfeltet i ditt politidistrikt.

KJENNER DU TIL NOKON SOM KAN VERE UTSETT FOR VALD?

Fleire bør varsle om vald, trugsmål eller personar dei er bekymra for. Det at du tek kontakt med politiet, kan vere den eine brikka som manglar for at politiet og hjelpeapparatet skal kunne kjenne att mønsteret av eit valdsregime.

Ikkje all vald er synleg. Det kan vere like alvorleg for barn å vere vitne til vald i familien som å verte direkte utsett for vald sjølv. Å oppleve vald som barn er svært skadeleg, og familievald kan påføre barn varige skadar. Om du er bekymra for eit barn, kan du melde frå til barnevernstenesta i kommunen.

BRUKAR DU VALD OG TRUGSMÅL?

Har du problem med å kontrollere temperamentet ditt, eller brukar du vald og trugsmål mot dine næraste? Slike handlingar er meir vanlege enn vi likar å tru. Personar som brukar vald mot andre, treng også hjelp. Om du erkjenner at du har eit valdsproblem, er du nærare ein løysing.

KVA KAN POLITIET GJERE?

Vi veit at det kan vere vanskeleg å komme seg ut av eit valdsforhold. Valden slutar ofte ikkje utan hjelp utanfrå. Ved å kopla inn politiet kan ein forhindre nye hendingar. Politiet kan:

  • ta imot ei melding om forholdet og etterforske det
  • lytte og gje råd og rettleie
  • opprette straffesak på vegne av det offentlege (offentleg påtale)
  • setje i verk tryggingstiltak for valdsutsette

Politiet etterforskar straffbare forhold og kan sjølv melde frå om forhold dei får kjennskap til, uavhengig av kva den valdsutsette ønskjer (offentleg påtale). Dette kan lette byrden det er å melde nokon ein har ein nær relasjon til, og er meint å løfte ansvaret bort frå den som vert utsett for vald.

For mange valdsutsette er ikkje straffa det viktigaste, men det å få slutt på valden og få vern mot den. Politiet vil vurdere eventuelle tryggingstiltak for deg om du kjenner deg truga, eller du vert utsett for vald.

Politiet kan også informere, rettleie og bidra til at både valdsutsette og -utøvarar får kontakt med helse- og sosialetaten, familievernkontor, barnevern, krisesenter, behandlingstilbod, advokat, rådgjevingskontor for kriminalitetsoffer eller andre som kan hjelpe.

SLIK FÅR DU HJELP

Mange av nettstadene er ikkje på ditt språk. Få hjelp av nokon du kjenner til å omsetje dei, eller prøv Google Translate.

Direktenummeret til politiet er 02800, og nødnummeret er 112, nettside politi.no.

For vaksne
Finn eit krisesenter og overgrepsmottak nær deg
Krisesentersekretariatet, brosjyren Juridiske rettigheter og hjelp til deg som er blitt utsatt for kriminelle handlinger i Norge: norsk, arabisk, engelsk, somalsk, thai, urdu, bulgarsk, kurdisk, russisk, samisk, tyrkisk
Dinutvei.no, nasjonal vegvisar ved vald og overgrep
Vern for eldre, nasjonal kontakttelefon: 800 30 196
Konfliktrådet
Rådgjevingskontora for kriminalitetsoffer og valdsoffererstatning (Brochures in other languages)
Finn ein bistandsadvokat på Advokatenhjelperdeg.no
Incesttelefonen 800 57 000.
FMSO – Fellesskap mot seksuelle overgrep
Dixi – ressurssenter mot voldtekt
Overgrepsmottak eller Legevakta der du bur eller oppheld deg
Helsestasjonen eller familievernkontoret der du bur
Gratis støttetelefon: 800 40 008, www.stottetelefon.no for råd og rettleiing, driven av Kontoret for valdsoffererstatning og Rådgjevingskontoret for kriminalitetsoffer.
ROSA (Reetablering – Oppholdsstader – Sikkerheit – Assistanse) – rettleiing og informasjon til deg som vert utsett for menneskehandel, tlf.: 22 33 11 60, www.rosa-help.no
Sjølvstendige opphaldsløyve for dei som har blitt utsette for vald, www.udi.no/vold
MiRA-Senteret, ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn
Vald, overgrep og psykisk helse på helsenorge.no

For barn og unge
Barneverntjenesten i kommunene
Barnevernvakten.no, finn din lokale barnevernsvakt
Alarmtelefonen for barn og unge tlf.: 116 111 (samisk, engelsk, urdu, polsk, russisk, dari, albansk, serbisk/bosnisk, vietnamesisk, tyrkisk, somali, tigrinja, fransk, spansk)
Statens barnehus
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Stine Sofies stiftelse
Klara Klok – her kan du spørje om alt
Ung.no
Stoppvald.no, nettside frå Alternativ til vold med film og aktivitetshefte for skoleungdom
Jegvilvite.no, e-læringsverkty om vald og overgrep

Kjønnslemlesting
Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, tlf.: 478 09 050, kompetanseteamet@bufdir.no
Kjønnslemlesting, Regjeringen.no
Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, tlf.: 815 55 201
Spørjeside om kjønnslemlesting på ung.no

Tvangsekteskap
Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, tlf.: 478 09 050, kompetanseteamet@bufdir.no
Tvangsekteskap, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), (English)
Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, tlf.: 815 55 201
Spørjeside om tvangsekteskap på ung.no

Treng du hjelp med valds- og aggresjonsproblem?
Familievernkontor, finn ditt lokale familievernkontor
Alternativ til vald
Reform Ressurssenter for menn / Mannstelefonen
Tryggere.no